Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Førehandsstemminga starta 12. august

Søndag 8. september og måndag 9. september er det kommunestyre- og fylkestingsval i Fyresdal kommune

Dersom du ønskjer det, kan du stemme på førehand.

Du kan førehandsstemme i den kommunen du sjølv ønskjer - her finn du alle førehandsstemmelokala

  • Dersom du førehandsstemmer i ein annan kommune enn der du står oppført i manntalet, må du gjere dette så tidleg at stemma di kan nå fram til den rette kommunen innan 10. september.
  • Ta med legitimasjon med bilde når du møter fram for å førehandsstemme. Viss stemmemottakaren ikkje kjenner deg, vil du elles ikkje få stemme. Dersom du har fått tilsendt valkort, bør du ta med det óg, sjølv om det ikkje er noko krav for å få førehandsstemme.
  • Viss du ikkje har fått valkort innan 10. august, bør du ta kontakt med heimkommunen din.
  • Du kan førehandsstemme ved kommuneadministrasjonen i Fyresdal Næringshage alle kvardagar mellom klokka 08.00 og klokka 15.00 frå 12. august og til og med 6. september 2019.
  • Det er også høve til å førehandsstemme ved Fyresdal pleie- og omsorgssenter onsdag 4. september klokka 11.00-12.00.


Valg 2019

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk