Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Fyresdal tannklinikk

Tannlege Ida Syversen har sagt opp stillinga si ved Fyresdal og Vinje tannklinikk. Ho hadde siste dag 8. mai. I perioden 8. mai til slutten av august vil tannbehandlingstilbodet vårt bli samla i Vinje.

Eg er glad for å kunne melde om at ny tannlege, Rachel Jacquet, har takka ja til stillinga i Fyresdal/Vinje og startar opp i august. Rachel skal nokre månadar jobbe 100 % ved Vinje tannklinikk for å bli kjend med korleis me jobbar i Telemark fylkeskommune, våre system osv. I denne perioden vil klinikkleiar Live Lid Breiland ambulere til Fyresdal tannklinikk.

Pasientar med behandling som hastar å utføre, vil få tilbod om timar i Vinje i vår/sommar. Anna behandling vil vente til Live er på plass i Fyresdal frå slutten av august. Me melder ifrå om konkret dato for oppstart etter kvart.

- Live Lid Breiland

Ta kontakt på 35 06 70 20 eller 35 07 24 80 for timeavtale.
Tannlege

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk